Breiddesamling på Voss | Norges bokseforbund

Breiddesamling på Voss

Ja, då er breiddesamlinga på Voss gjennomført nok ein gong. Det vart svært god deltakelse frå vestland og østland. Koselig var det også at Vågå kom med boksere. Andre klubbar som var representaert var: Champion BK, Aurland BK, Stord BK, Drammen BK, Gran BK, Raufoss BK og Voss BK. Stor deltagelse på årets samling
Publisert: mandag 30. juni 2008




Det vart rekordstor deltakelse med heile 35 boksere representert frå dei ulike klubbane. Det var også i år gjort forsøk på å overgå samlinga me hadde i fjor, med å lage eit treningsstevne. Dette ført til heile 14 kampar, som gjekk av stabelen i idrettshallen på Voss. Me fekk til og med publikum til å kome. Me konkurerte med eit strålande vær på laurdagen, så fullpakka sal vart det ikkje, men ein 50-60 tilskodarar vart bedre enn me frykta. Boksing har sin plass hjå gamle og eldre. Det vart også informert frå dei eldste publikumnarane at dei tilhøyrte det flotte boksemiljøet i odda tidlegare på 1900- talet. Slå den gutter, her var kanskje nokon gamle lure ringrevar tilstades. Me lånte ring hjå Stord bokseklubb og den vart i rekordfart sett opp i idrettshallen.

 

Kjell og Stein styrte skuta

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 










 

 

Nok ein gong må eg berømme fantastiske trenarar (Kjell og Stein) som bidreg til at samlinga vert så bra som den vert. Hjarteleg takk for innsatsen.

 

Ringen måtte prøves




















Eg må også få takke for fantastisk kampleiarjobb utført av den ikkje ukjente og legendariske Nils Olai Sivertsen.

 

I tillegg vil eg rope eit stort varsku til boksenorge - det vert moro å sjå alle dei gode talenta som var samla på Voss i vidare ferd mot dyktige bokseprestasjonar.

 

Neste år håpar me på eit stevne med skikkelige kampar. Det vert noko av ein oppleving. !!!

 

God sommar heile boksenorge !!

 

Vennleg helsing

 

Dag Gunnar Brekke

Voss BK

 

 

 

Glade jenter etter å ha banka nokre av guttene på treningstemne

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Det blei også tid til skyggeboksing med musikk til også.