Breiddesamling på Voss
Ja då kom endelig fredagen og norges komande boksestjerner møtte fram til breiddesamling i Voss bokseklubbs lokaler på Voss. Fredagstreninga vart gjennomført med stor entusiasme frå dei frammøtte deltakarande. På slutten av treninga vart me einige om kven som skulle vere med på den bestillte raftingsturen lørdag. Me klarde nesten ikkje å fylle opp lista på 13 mann som kunne vere med på raftingsturen. Alle trenerene fekk tilbod om å delta ,då ikkje alle som kunne vill. Ein spesielt la fram at han kunne tenke seg å sove istadenfor å vere med på raftngsturen. Dette var noko han omgjorde til alt hell og lykke. Mannen var veldig førnøgd med at han tok til vet og blei med.
Raftingsturen skulle vere eit lite sidesprang på laurdagen, før 2 . økt skulle setjast i gang. Dette sidespranget skulle vare ca 1 ½ time , men varte litt lenger enn dette grunna- ja bildene frå raftingsturen seier vel det meste.
Her går det unna
Kjell Sørum klarer med et tigersprang å unngå å havne i vannet
Andre økt på laurdag vart gjennomført kl. 21.00. Der bestemmte me oss for at siste treningsøkta på søndag skulle vere nede på prestegardslandet der mykje av ekstremsportaktivitetane er. Det var stille og rolig i området , då treningsøkta tok til. Etterkvart vart det folkelig og det var masse forbipasserande som syntest at innslaget var artig. Det var til og med ein som vart kjent att som boksetrenar frå Gran, av dei som var forbipasserande. Ein morgon med stor treningsiver i flott solskinn var også underhaldning for andre enn kun utøvarane.
Kva som ellers skjedde på treningsamlinga veit ingen andre enn dei som deltok på samlinga, og dei kan sikkert fortelje mykje artig om du spør dei om korleis samlinga vart gjennomført og kva dei opplevde på Voss denne helga. Eg som trenar for Voss BK , er i alle fall strålande fornøygd med at me har klart å vise Voss fram til andre bokseentusiastar ellers i landet. Me håpar også på at me kan gjere dette til ein årleg hending, der me også kan utvikle dette produktet til ein underhaldande og eit rekrutterande tiltak for kreative ungdommar som treng utfordringar. Sportsleg har eg også fått lov til å vere med to kunnskapsrike trenere ( Kjell og Stein) som var villige til å gje av sin kunnskap i alles fellesskap. Eg som trenar har også fått mykje verdifull kunnskap med meg vidare.
På vegne av Voss BK og i regi av breiddesamling vil nytta høve til å ynskja alle som var tilstades på Voss ein riktig god sommar, så møtes me vel forberedt til neste sesong .
Hilsen Dag Gunnar Brekke, Voss BK