Boksesamling på vene Voss | Norges bokseforbund

Boksesamling på vene Voss

Ja, slik startar me sesongen på Voss og omegn! Det har vore avholdt boksesamling på Voss, der stort sett alle OL - utøvarar har vore eller kjem ifrå….
Publisert: torsdag 08. september 2005

I alle fall vart det innkalt til samling 2.09.- 04.09. 2005. Me var to klubbar som møtte til denne samlinga, men me hadde det artig allikevel og fekk fram momentar som skal vere på plass før sesongen startar for fullt.

Hovudsakelig var det arbeidsoppgåver som påpeika god teknikk i forhold til fotarbeid og forsvar som prega denne samlinga. Me hadde kun ei økt med 20 minuttars sparring til slutt. Oppgåve sparring var nøkkelen vår denne gongen.

 

Som annsvarleg trenar for denne treningsleiren, vil eg sei me kan få gode ting ut av desse boksarane som deltok på denne samlinga. Håpar i framtida at me kan få fleire til å kome til Voss anten til å delta på trenings samlingar, eller å gå kampar på skikkelig vis.

 

Me hadde søndag ein introduksjon til hangurslia opp, som er vår ”styrkeprøve” test for formen til boksarane. Dei fleste vil måtte innsjå at dei ikkje var i god nok form, då dei nådde hangurstoppen.

 

De som deltok på samlinga var: 

Dag Gunnar Brekke, Voss BK (trenar)

Thorleif Gjernes, Voss BK

Morten Klever, Voss BK

Rune Kristiansen, Voss BK

Aleksander Thaule, BergenSp

Aleksander Krogenæs, BergenSp

Tommy Ofstad, BergenSp

Runar Brekkhus, Voss BK

 

Vennleg helsing

 

Dag Gunnar Brekke

Voss Bokseklubb


Utøverne