Hordaland Teater presenterer: | Norges bokseforbund

Hordaland Teater presenterer:

”Knockout” er eit dansk stykke frå 2008 av Lars Dammark og Anders Valentinus DamSpesialtilbod for medlemmer i diverse bokseklubbar i Hordaland og Sogn og Fjordane!
Publisert: mandag 24. januar 2011

PÅ LOGEN TEATER I BERGEN:

Torsd. 10. februar kl. 19.30
Fred.   11. februar kl. 19.30

Torsd. 17. februar kl.19.30

Fred. 18. februar kl. 19.30

Lørd. 19. februar kl. 18.00

Torsd. 24. februar kl.19.30

 

Speletid: ca 70 min

For ungdom/vaksne (frå 14 år)

SPESIALTILBOD til medlemmer i div. bokseklubbar : kr 100  pr billett.

PÅMELDING Til framsyninga: Ring Hordaland Teater  på 55 22 20 20/ mail: irene@hordalandteater.no

OPPGJE BERGEN SPARTA som stikkord!

 

Om produksjonen:

 

Knockout er ei rå og livsbekreftande historie om fortapte gutar og slitne menn, fortalt med humor og nervar, skarpt klipte scenar, musikk og film. Eit knyttneveslag, som rammar oss rett i solar plexus.
Scena er ein boksering, der publikum kjem tett inn på og blir vitne til kampen for å overvinne seg sjølv, finne igjen håpet og kjempe seg ut av mørket.
Slått i golvet så ein trur, ein aldri skal reise seg igjen - to tårn som styrtar - ein krig - eit skot - eit tap - eit menneskeliv, merka for alltid. Den første kampen - den endelege kampen! Og kven er Muhammed Ali?

Lasse har mista bror sin, som soldat, drepen i Afghanistan. Kven har skulda og kva stiller ein opp mot avmakta og hatet mot dei andre? Barndommens uskyld er borte og røyndommen gjer vondt. Lasse sin fristad er bokseklubben, der møtet med den røynde boksetrenaren Maier, opnar opp for sorga, vreiden og hatet, men også for tru og tilgivnad. For trenaren blir møtet med Lasse til gjengjeld det slag, som skal til for at han kan stå ansikt til ansikt med si største frykt - fortida!