Breiddesamling på Voss | Norges bokseforbund

Breiddesamling på Voss

Ja, då blei det breiddesamling på Voss i år og. Totalt sett var det ein kjempeartig samling med både jenter og gutar tilstades. Flott å sjå at det fortsatt gror talentar rundt omkring i boksenorge. Eit skår i gleden var det då ein fekk greie på at i år fall raftingstiltak vekk grunna svært stor pågang frå deltakarar i Ekstremsportveko. Det vart allikevel felleskos med grilling i Bavallstunet sine utelokaler. Treningsmessig vart samlinga holdt i same lokaler som i fjor. Vetletun sin gymsal klarte å romme dei nesten 30 deltakarane på breiddesamlinga.
Publisert: onsdag 11. juli 2007

I år hadde me også fått gode trenarar til å gjennomføre treningsøktene. Kari og Stein stod for innhaldet og trenarstaben som var med dei reisande, deltok i rettleiinga av dei komande talenta frå norge. Vart spesielt positivt overaska over dei yngre ”damene” frå Drammen. Den neste generasjons kvinneboksere i norge kan bli svært gode. Dette kan me nok takke gode norske rollemodellar for, ikkje sant Kari ?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I år har me ikkje nokon action bilder frå aktivitetar avholdt utanfor bokseringen på Voss, men lovar at me skal koma sterkara att neste år og få  i gang eit tiltak som også gjer opplevinga på breiddesamling til ein opplevelse for livet. !

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vennleg helsing

 

Og takk for flott gjennomført samling frå trenarar og deltakarar !

 

Velkommen igjen til neste år !

 

Dag Gunnar Brekke

Voss Bokseklubb